«Utdanningsfondet er no inn i sitt trettande år og vi som sit i styret for fondet sender med dette ut vår åttande årsmelding for å kunne informere om aktiviteten i Utdanningsfondet. Vi trur dette er viktig informasjon å nå ut med til dei som bidrar med midlar til fondet og også til andre som er interessert i informasjon om Utdanningsfondet. 

Behovet for utdanning i Tanzania er stort, og det vi bidrar med hjelper berre nokre få studentar. Likevel er midlane frå Utdanningsfondet heilt avgjerande for dei som får dekt kostnadene med utdanning. Vi takkar alle som har bidratt ein eller fleire gonger til Utdanningsfondet i 2025 og vi håper de vil støtte Utdanningsfondet også i 2026.»

Heile årsmeldinga finn du her: Utdanningsfondet