«Utdanningsfondet  er no inn i sitt tolvte år og vi som sit i styret for fondet sender med dette ut vår sjuande årsmelding for å kunne informere om aktiviteten i Utdanningsfondet. Vi trur dette er viktig informasjon å nå ut med til dei som bidrar med midlar til fondet og også til andre som er interessert i informasjon om Utdanningsfondet. (…)

Utdanningsfondet har støtta ti studentar i skuleåret 2023/2024 og støttar tolv studentar i skuleåret 2024/2025. Utvidinga frå ti til tolv studentar er basert på at det er tilstrekkeleg med midlar i fondet til å finansiere dette. Dette skuleåret finansierer vi ni jenter og tre gutar. To  av dei er i økonomiutdanning, to tar utdanning innan medisin, tre i samfunnsplanlegging, ein i undervisning, ein i sosialarbeid, ein i informasjonsteknologi, ein i veterinærfag og ein i kjemi.»

Heile årsmeldinga finn du her