«Utdanningsfondet er no inn i sitt ellevte år og vi som sit i styret for fondet sender med dette ut vår sjette årsmelding for å kunne informere om aktiviteten i Utdanningsfondet. Vi synest dette er viktig informasjon å nå ut med til dei som bidrar med midlar til fondet og også til andre som er interessert i informasjon om Utdanningsfondet.
Behovet for utdanning i Tanzania er stort og det vi gjev hjelper nokre få studentar. Likevel er midlane frå Utdanningsfondet heilt avgjerande for dei som får dekt kostnadene med utdanning. Vi takkar alle som har bidratt ein eller fleire gonger til Utdanningsfondet i 2023 og vi vil halde fram dette arbeidet i Håvards ånd.»
Heile årsmeldinga finn du her: Utdanningsfondet